top of page

Ullensvang Kommune

Ledige stillinger:

33

Kategori:

Kommunalt, For Begge

Om Bedriften

Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 11 000 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder.


Vi yter tenester til innbyggarane i Ullensvang kommune frå vugge til grav. Arbeidsoppgåvene i kommunen er mange og allsidige. Vi treng fleire kollegaer i ulike yrkesretninger, men spesielt innan helse, skule og barnehage. Kommunen som arbeidsgjevar byggjer på god praksis, der vi skal sikra robuste tenester til innbyggjarane - av rett kvalitet, der du er viktig for å løysa oppgåvene for innbyggjarane.

Arbeidsmiljøet er prega av eit stort mangfold, med ulike kulturar, språk, alder, kompetanse, erfaring og utdanning - vi har plass til alle. Vi ynskjer at alle tilsette skal ha høve til fagleg og personleg utvikling når dei jobbar hjå oss. Som arbeidsgjevar skal vi tilretteleggja for at tilsette skal kunne ta vidareutdanning, og for at lærlingar skal ta fagbrev. Vi har sommaravtalar, studentavtale, UngJobb, gode senioravtalar, mulighet for studier på sida av jobb med stipend. Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA).

Link til nettsida vår:
https://ullensvang.kommune.no/

Ledige Stillinger

Her er ein link til alle ledige stillingar i Ullensvang kommune:
https://ullensvang.easycruit.com/

bottom of page